Sør-Fron spesial

Klasse: 6, Midtbygda Oppvekstsenter

Oppskriften er beregnet til: porsjoner

Ingredienser

MengdeIngrediens
700 g elgkjøt
10 stk mandelpotet (sjølvdyrka)
5 stk gulrøter (sjølvdyrka)
5 stk beter (frå Hedmark)
2 stk sjarlottlauk (frå Hedmark)
1 stk fersk timian (norsk)
1 stk paprika (rest frå kjøleskåpet)
1 boks rømme
5 skive brunost
0.5 dl vatn
2 stk kjøtbuljong
1 boks tyttebærsyltetøy (sjølvplukka)
5 ss olivenolje
3 ss smør
2 ts salt
2 ts pepper

Slik gjør du

1
Sett ovnen på 225 grader.
2
Vask og del poteter og halvparten av betene i båter. Legg dei på eit steikebrett og ha på olje, timian og salt og pepper. Steik dei i 30-40 min
3
Del opp sjarlottlauk, gulrot og paprika og resten av betene.
4
Del elgkjøtet i strimler og krydre med salt og pepper.
5
Varm smør i ei steikepanne og fres lauken. Tilsett elgkjøtet og steik det til det får steikeskorpe.
6
Ha elgkjøtet i ei gryte saman med gulrot, timian, paprika, lauk og resten av betene. Tilsett brunost, vatn og buljong. La det koke i ca 20 min. Tilsett rømme og rør godt.
7
Serveres med tyttebærsyltetøy.
Lukk