Raske kyllingwraps med norske grønnsaker

Klasse: 6A, Førde barneskule

Oppskriften er beregnet til: porsjoner

Ingredienser

MengdeIngrediens
260 gram kyllingfilet
1 stk rødløk
2 stk tomatar
0.5 stk agurk
40 gram isbergsalat (evt anna salat du har i kjøleskåpet)
100 gram nacho chips
4 stk fullkorn tortillalefser
Krydder:
1 ts chilikrydder
1 ts paprikapulver
1 ts spisskummin
1 ts kvitløkspulver
1 ts koriander
0.5 ts chiliflak
0.5 ts salt
0.5 ts svart pepper

Slik gjør du

1
Sett steikeovnen på 150 grader, og pakk inn tortillelefsene i aluminiumsfolie.
2
Lag krydderblandinga: Ha alle dei ulike kryddera i ei skål. Bland saman.
3
Skjær kyllingfileten i jamnt store bitar, og vend den inn i krydderet, evt saman med litt olje. La dei ligge og trekke til seg litt krydder.
4
Varm godt opp ei steikepanne med litt olje i og steik kyllingbitane til dei er gjennomsteikte.
5
Vask og kutt agurk, tomat og løk i terningar og legg dei i små serveringsskåler.
6
Legg lefsene inn i ovnen.
7
Veg opp og vask isbergsalaten. Riv den i bitar og legg den i ei serveringsskål.
8
Veg opp nacho-chipsen.
9
Når kyllingen er steikt og lefsene er blitt varme, er alt klart til måltid. Fyll lefsene med dei ulike ingrediensane, og brett saman. Kan serverast med litt rømme eller kesam.
Lukk

Ett øyeblikk