Hjortegryte med kortreiste råvarer

Klasse: 6, Mork skule

Oppskriften er beregnet til: porsjoner

Ingredienser

MengdeIngrediens
Kjøttet
500 g Hjortekjøtt (Elev har partert sjølv)
2 ss Meierismør
1 ts Pepar
1 ts Timian
1 ts Salt
1 ts Knuste einebær
Sausen
6 dl Vatn
1 stk Kjøttbuljongterning
2 dl Seterrømme
1.5 dl Kremfløte
3 skiver Brunost
Gønnsaker
4 stk Sjampinjong
1 neve Sjølvplukka skogssopp
3 stk Sjølvdyrka gulrøtter
4 stk Sjalottlauk
2 fedd Kvitlauk
Potetstappe
500 g Sjølvdyrka poteter
1 dl - Seterrømme
1 ts - Salt
1 ts - Pepar

Slik gjør du

1
Kjøttet: 1. Start med å skjære kjøttet i terningar. 2. Bland saman pepar, timian og salt. Knus einebær og ha det saman med resten av krydderet. 3. Ha krydderblandinga på kjøttet og fordel godt. 4. Ha meierismør i steikepanna og la panna bli varm og god. 4. Steik litt og litt kjøtt om gongen. 5. Kjøttet skal kun brunast på yttersida. Legg dei ferdige kjøttbitane på ein tallerken.
2
Sausen: 1. Kok opp 6 dl vatn med ein kjøttbuljongterning. 2. Når terningen er oppløyst tilsetter du hjortekjøttet. NB! All kraft i frå steikepanna skal bli med i gryta. 3. Tilsett seterrømme, kremfløte og brunost. 4. La gryta småkoke.
3
Grønnsakene: 1. Kutt opp sjampinjong, skogssopp, gulrøtter, sjalottlauk og kvitlauk i små fine bitar. 2. Steik i steikepanne på middels varme til soppen er gyllen og fin. 3. Ha alle grønnsakene og løken i hjortegryta. NB! Få med all kraft frå steikinga.
4
Hjortegryta: 1. Set gryta på middels til lav varme og la gryta småkoke i ca 1 time.
5
Potetstappe: 1. Skrell potetene og del dei i små bitar. (Dette fordi dei skal bli møre raskare). 2. Når potetene er møre silar du av vatnet i panna. 3. Mos potetene og tilsett seterrømme. 4. Smak til med salt og pepar.
Lukk

Ett øyeblikk