Grove fiskeburgarar med kvitlaukdressing, grønkål og alfaspirer i pitabrød

Klasse: 6B, Sagatun skule

Oppskriften er beregnet til: porsjoner

Ingredienser

MengdeIngrediens
250 g seifilet
250 g torskefilet
1 ts salt
0.5 ts pepar
1 ts timian
0.5 ts malt muskatnøtt
2 ss raudlauk
1 stk fedd kvitlauk
2 ss potetmjøl
1 dl lettmjølk
1 bunt grønnkål
1 bunt alfaspirer

Slik gjør du

1
Køyr fiskefileten raskt saman med stavmiksaren. Set i krydder, potetmjøl og lauk. Bland saman med ei sleiv. Set i litt mjølk om gongen, og røyr godt mellom kvar gong. Varm opp steikepanna og set i smør/margarin. Bruk ei matskei, dypp den i vatn og fyll den godt. Form burgarar flat i steikepanna. Steik burgarane lysebrune på middels til høg varme. Fyll pitabrødet med grønkål og spiresalat og legg i fiskeburgeren. Bon Appètit!
2
Vask og tørk grønnkål. Riv kålen opp i tynne strimler. Bland alfaspirer og kål saman med 1 dl lettrømme og 1 fedd kvitlauk. Smak til med sitron og litt salt og pepar.
3
Pitabrød 3 dl kveitemjøl + 2 dl byggmjøl 1/2 pk gjær 1/2 ts salt 1/2 ts sukker 2 dl lunka vatn Elt saman til ein smidig deig. Bak ut 4 bollar og klapp dei flate. Legg dei på steikeplate med steikepapir og hev baksten i ca. 30 min. Steik pitabrøda ved 240 `C i 7-8 min.
Lukk