Pastasalat med kylling og grove kvitløksnurrar

Klasse: 6, Ullavik skule

Oppskriften er beregnet til: porsjoner

Ingredienser

MengdeIngrediens
27.5 g Kvitløk
200 g Kylling (hermetisk)
4 ss Rapsolje (økologisk)
8 skive Sylteagurk (økologisk)
5 stk Vårløk
5 ts Salt
3 ss Sylteagurklake (økologisk)
12 stk Sukkererter
2 ts Tørrgjær
165 g Majones
200 g Smør utan mjølk
1 stk Søt paprika (økologisk)
7 dl Vatn
3 dl Lettrømme (økologisk)
9 dl Kveitemjøl (økologisk)
300 g Mais (økologisk)
300 g Fullkornpasta (økologisk)
2 dl Sammalt rug, grovmalt

Slik gjør du

1
Kok pastaen i 3l vatn og 1,5 ts salt, i ei gryte utan lokk. La pastaen koke i 10 min etter vatnet har kokt opp. Rør i pastaen eit par gangar under kokinga. Hell pastaen i eit dørslag, og skyll den litt i kaldt vatn.
2
Skrell og finhakk 1 fedd kvitløk. Skjær paprika, vårløk og sukkererter i bitar. Skjær kyllingen i terningar.
3
Bland saman rømme og majones. Tilset lake frå sylteagurk, og finkutta sylteagurkskiver. Bland saman, og tilset 1/4 ts salt og 1/8 ts peppar.
4
Ha i kvitløk, mais, paprika, vårløk og kylling, og til slutt den kalde pastaen. Bland godt.
5
Bland gjær, salt (1 ts), romtemperert rapsolje og rug i ein stor bakebolle. Tilset lunkent vatn (ca 40 grader), og deretter litt og litt av kveitemjølet til deiger er ganske fast og ikkje klebrig. Elt deigen godt. Dekk og set til heving på ein lun stad i ca 45 min.
6
Rens og finhakk 10 kvitløksfedd. Rør saman smør, salt (2 ts) og den finhakka kvitløken.
7
Når deigen har stått til heving i 45 min, set du ovnen på 225 grader, og deler deigen i 16 like store delar. Rull kvar del til ei pølse som du trykker flat. Smør på eit godt lag med kvitløkssmør, og rull saman til ein snurr. Del rullen i to like delar med ein skarp kniv.
8
Legg snurrane på ei bakepapirkledd steikeplate med snittsidene ned. Trykk dei litt ned. Etterhev gjerne under eit klede i 30 min. Steik kvitløksnurrane på 225 grader i 10-15 min, til dei er gyldne. La dei kvile nokre minutt på ei rist. Server pastasalaten saman med varme kvitløksnurrar.
Lukk

Ett øyeblikk