Linseburger med heimelaga burgerbrød

Klasse: 6, Lægreid skule

Gruppe: 2

Oppskriften er beregnet til: porsjoner

Ingredienser

MengdeIngrediens
1 dl Kveitemjøl
0.5 dl Grov sammalt kveite
1 ss Olivenolje
1.5 dl Vatn
0.5 stk Tørrgjær (pakke)
1 ts Salt
4 ss Sesamfrø
200 g Kvite linser
200 g Grøne linser
1 stk Egg
3 ss Potetmjøl
1 ts Salt (til burgeren)
1 ts Pepper (til burgeren)
1 ts Spisskummen
0.5 stk Raud lauk
0.25 stk Kvitlauk
300 g Potetbåtar
0.25 stk Agurk
1 stk Tomat
4 stk Salatblad

Slik gjør du

1
Burgerbrød: Set omnen på 225 grader (over- og undervarme). Varm vatnet i ei panne til det når fingervarme. Tilset olje, salt og gjær. Når gjæra har løyst seg opp, tilset du kvetemjøl og grov sammalt kveite. Rør saman. La deigen heve i 30 minutt. Form burgerbrøda og pensle dei med egg. Dryss sesamfrø over dei. Steik i omnen i 15 minutt.
2
Linseburger: Sil linsene i vatn. Finhakk raud lauk og kvitlauken. Bland dette med egg, potetmjøl og krydder. Har du litt chili tilgjengeleg, kan du gjerne ta litt i deigen. Form burgerane og steik dei på middels varme.
3
Potetbåtar: Hakk potetene i fine båtar. Steik dei i steikeomnen på 180 grader, i om lag 20 minutt.
4
Legg linseburgeren i burgerbrødet saman med agurk, salat og tomat.
Lukk