Klippfiskboller

Klasse: 6A, Aure skule

Last ned PDF
Oppskriften er beregnet til: porsjoner

Ingredienser

MengdeIngrediens
0.25 dl raspolje
1 stk eggeplomme
5 g pepper
1 stk fedd kvitløk
5 g salt
0.25 dl olivenolje
2 ss hakka persille
200 g utvatna klippfisk
2 dl brødrasp
200 g mandelpotet
2 stk egg
0.5 stk chili

Slik gjør du

1
• Skrell og kok potetene • Kutt fisken i bitar og trekk forsiktig i usalta vatn • Bruk ein stavmikser og bland saman persille, chili, kvitløk og olje. • Bland alt saman med ein K-visp eller tresleiv. • Tilsett eggeplomma. • Smak til med salt og pepper. • Trill ut med ei fuktig hand til små bollar. • Visp saman egg, vend klippfiskbollane i egg og brødrasp. Trykk dei litt flate • Steik i ei panne med olje på medium varme til dei er gylne og sprø. • Legg dei i ei ildfastform, og hald dei varme i ovnen til potetene er ferdig. Eg blanda eggekvitene i lag med egga til klippfiskbollane
2
Ovnsteikte båtpotet. 8 stk potet 1 dl raspolje 1 ts salt • Skrubb og vask potetene godt. • Skjer dei opp i båter ( 4 eller 6 båter alt etter størrelse.) • Legg dei i ei ildfast form. • Slå over olje og salt. • Bland saman. • Sett dei inn i ovnen på varmluft på 200 gr. I ca 30 min. • Rør i potetene etter ca 15 min. • Stikk ein kniv i og kjenn om dei er ferdig Eg blanda eggekvitene i lag med egga til klippfiskbollane
3
Kvitløkmajones (alioi) 3 stk eggeplomme ½ ts mild sennep 1 fedd kvitløk 1 ½ dl raspolje ½ dl god ex virgin olivenolje Salt, pepper, sitron, sukker, kvitvinseddik • Pisk saman eggeplomme, sennep og kvitløk • Spe sakte inn oljen menst du heile tida bruker stavmikseren, til det blir tjukt som majones. • Smak til med salt, pepper, sitron, sukker og kvitvinseddik. ( kan og tilsette persille)
4
Mojosaus 200 gr grilla paprika 2 skiver loff 2 fedd kvitløk 75 gr parmesan 8 stk cherrytomater 4 ss raspolje eller oliven olje 2 ss kvitvinseddik Sukker Salt Pepper • Del paprikaen i to, ta ut innmat og skyll den godt. • Legg den på eit bakepapir og sett dei inn i ovnen på grill. Pass på så dei ikkje blir for mykje grilla. • Ta den ut av ovnen og ta av skinnet. • Skjer av skorpene på loffen og legg dei i litt vatn. • Del tomatane i to. • Ta av skinnet på kvitløken og del den opp i mindre biter. • Rap parmesanosten. • Klem ut vatne av loffen, bland grønsaker og resten av ingrediensane i ei kjøkkenmaskin med kniv. Køyr til det er glatt. Smak til med eddik, sukker, salt og pepper. • Vil ein ha det litt meir speisi kan ei bruke chili.
5
Erterpurre 1 liten pose selskaps erter 1 ss meierismør Salt Pepper Muskat • Kok opp vatn, ha oppi selskap erter, gi det eit oppkok. • Sil av vatnet. • Tilsett smør bruk stavmikser og lag purre. • Smak til med salt, pepper og muskat.
6
Hyllblomst saft 30 stk hyllblomst 4 l kokande vatn 2 kg sukker 4 sitroner 50 gr sitronsyre • Rist forsiktig hyllblomsten slik at eventuelle insekter faller ut. • Ha blomsten ei reingjort bøtte/stamp. Det er ikkje nødvendigt å fjerne stilkane. • Skjer sitron i skiver og ha dei i karet saman med blomsten. • Ha sukkeret i det kokande vatnet og rør til det løyse seg opp. • Hell den kokande sukkerlaken og sitronsyra over blomsten. • Avkjøl og sett karet på ein kjølig plass i minst 2 døgn. Rør av og til. • Sil safta i eit klede. Fyll den på reingjorde og sterile flasker. • Oppbevar flaskene mørkt og kaldt (6 måner) eller frys dei.
7
Vi på Aure skule har jobba med teori tverrfagleg i natur/miljø og mat/helse. Vi har to gr. i mat og helse på 6 trinn. Vi har valgt å lage ein middagsrett, klippfiskboller og ein lunsjrett, fylte horn og pizzasnurrer. • Vi har brukt klippfisk frå eit firma som held til ca 3 mil i frå her vi bur. • Norske mandelpotet. • Egg frå nokon som har høns her. • Brødrasp frå brødskalkar/rester som vi har tørka i omnen og malt opp i kjøkkenmaskin med knivar. • Selskapserter frå eigen kjøkkenhage, har eg i frysaren som vi brukte. • Chili, kvitløk, gulrot, løk, tomatar og diverse urter til tomatsausen, er slikt som eg har i kjøkkenhagen, som vi laga tomatsaus i haust og har frose ned i porsjonar. • Eple har vi hausta i eigen hage og laga eplemos av. Frose ned i porsjonar som vi bruker til kake, gjærbakst og dessert. • Mjølet brukar vi frå Mylne i Volda 4,4 mil herfrå. • Vi er så heldig at vi har gardar i nærleiken av skulen som vi kan få mjølk med, å bruke til gjærbakst og graut. • Vi drakk hyllblomstsaft til. Som vi laga og har frose ned på flasker. Helsing vi i 6 klasse på Aure skule, Sykkylven Kommune (SUSK) Lærar Anne-Berit Flote Myhre
Lukk

Ett øyeblikk