Hjortesteik med kantarellsaus

Klasse: 6, Vikane skule

Last ned PDF
Oppskriften er beregnet til: porsjoner

Ingredienser

MengdeIngrediens
1 stk purreløk (fryst, lokaldyrka)
2 ss margarin
100 g kantarellar (frå Innvik)
3 ss olje
2 dl fløyte (henta melk frå fjøs i Innvik)
3 ss tyttebær (lokalplukka)
1 stk bladpersille
1 ts potetmjøl
400 g hjortekjøt (frå skogen i Innvik)
1 ss honning (lokalprodusert)
1 stk løk (lokaldyrka)
2 stk eple (lokalprodukt)
1 stk kvitløk (lokaldyrka)
5 stk poteter (lokaldyrka)
1.5 dl tørka traktkantarellar (plukka i skogen i Innvik)

Slik gjør du

1
Marinade: Tørk kjøtet godt. Skjer lommar i kjøtet (som om du ville dele kjøtet i skiver, men ikkje skjer heilt gjennom, stopp halvvegs). Bland godt honning, kvitløk i bitar, purre i bitar, olje og moste tyttebær. Smør kjøtstykket med marinaden. Hugs å smørje godt ned i lommane. Legg folie over eller ha i ei bolle med lok på og legg i kjøleskapet i to døgn. Set omnen på 200 C. Legg kjøttstykket i eldfast form. Ha over all marinaden. Del epla i 8 bitar og legg opp i forma. Dekk med alufolie. Steik kjøtet på 200 C i ein time. Ta av folien og steik 30 minutt til. Potetmos: Skrell potetene og del i bitar. Ha vatn over til potetene blir dekt. Kok potetene møre. Sil av vatnet. Mos potetene. Vend inn smør og smak til med salt. Kantarellsaus: Skjer ein løk i små bitar. Varm litt olje i steikjepanna og fres løken godt. Tilsett dei tørka kantarellane og hell 1 dl vatn over. Steik i 5 minutt. Ha i dei frosne kantarellane og steik 5 minutt til. Bland fløyte med potetmjøl godt til du får ein klumpfri væske. Hell fløyte over i steikepanna og rør til sausen tjuknar. Skjer steiken i skiver og server med potetmos og kantarellsaus. Pynt med bladpersille.
Lukk

Ett øyeblikk